ARTO LINDSAY & PAAL NILSSEN-LOVE DUO + Stephan Meidell
Brasiliansk punkjazz!
ARTO LINDSAY sang, gitar PAAL NILSSEN-LOVE trommer
Etter eit sveitt møte i 2013 der dei så vidt rakk å helsa på kvarandre før ein hardtslåande konsert med brasilianske songar, støygitar og høgoktantrommer, vart det kjapt einighet om at samarbeidet måtte halda fram. Arto Lindsay er ein avantgarde-legende, stifta bandet DNA og har jobba tett med Lounge Lizards og Golden Palominos. Nilssen-Love er eit heilt buekorps åleine, og eit episentrum i utviklinga av improvisert musikk i Noreg. Ver budd på intens energi og telepatisk samspel.
STEPHAN MEIDELL
Cakewalk-gitaristen solo!
STEPHAN MEIDELL gitar, perkusjon, elektronikk
Som gitarist i Cakewalk, The Sweetest Thrill og Krachmaker har Stephan Meidell solid erfaring med improvisert musikk. Han ga i fjor ut soloplata Cascades på Hubro strålande kritikk i inn- og utland. I konsertformat blir gitar og perkusjon filtrert gjennom elektronikk, satt opp mot suggererande og hypnotiske rytmar. Resultatet er eit unikt klangleg univers i tussmørket elektronika, doom og avant-jazz. På konsertane bruakar Meidell videomateriale laga av den tyrkiske kunstnaren Tolga Balci.
Dørene åpner kl 20:00
Billetter kr 200,- (ordinær) / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlemmer)
Arto Lindsay gjester Oslo i et samarbeid mellom Bergen Jazzforum, Nasjonal Jazzscene, nyMusikk og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.