BAJAZZ: SIGRID MOLDESTAD

REGNDRÅPEBORNA & ANDRE DYR

I Regndråpeborna og andre dyr får små og store bli kjend med både regndråpeborna, grashoppa med grashoppefela, snigelen som sykla og kråka med alle dei skumle kråketankane.

Bak den regnvåte tittelen finn me eit nytt møte mellom Sigrid Moldestad sin musikk og diktaren Jan-Magnus Bruheim (1915-1988) sine tekstar. Sist gong var med den kritikarroste plata “Brevet til kjærleiken” frå 2014. Denne gong er det barnedikta til Bruheim som har fått nytt liv.

«Eg har tenkt på barnedikta sidan den gong. Han hadde ei eiga evne til å sjå verda frå barn sitt nivå. Me blir med ned i graset og opp i skyene. Det er fantasi og detaljar, men også ettertanke i mykje av det han skreiv. Tema som utanforskap og miljøkamp går att i fleire av dikta hans. At dei fortjente eit eige prosjekt er sikkert, og eg er veldig stolt av å presentere både konserten og eit splitter nytt familiealbum», seier Moldestad.

Musikken hadde urpremiere på Førdefestivalen sommaren 2022 og var eit samarbeid bestilt av Førdefestivalen, Falturiltu og Vossa Jazz. Etter det leikte Moldestad og musikarane seg i studio med produsentane Yngve L. Sætre og Iver Sandøy og spelte inn alle dei nye songane – albumet kom ut våren 2023 på Grappa Musikkforlag. Lytt her!

SIGRID MOLDESTAD vokal, feler, ukulele JØRGEN SANDVIK strengeinstrument, vokal SONDRE MEISFJORD bass, vokal KÅRE OPHEIM trommer, vokal

Dørene åpner kl 13:30
Konsertstart kl 14:00

Familiebillett (4 personer): 350,-
Barn og voksne: 100,-
Under 2 år: gratis

Vi har et begrenset antall billetter for innehavere av Aktivitetskortet
Send mail til kontakt@bergenjazzforum.no for mer info

Foto: Frid Tronstad