BAJAZZFESTIVALEN 2015, Lørdag

STOCKHAUS

(KLOKKEN 12:30 & KLOKKEN 15:00)

Crooner møter klubb

KRISTIAN STOCKHAUS alt

Bergensbaserte Kristian Stockhaus har nok å henga fingrane i. Frontfigur i Ungdomskulen (sic), samarbeid med Röyksopp, Datarock, Ai Phoenix og Sissy Wish, etterspurd DJ og altså eit liv som soloartist. Sjarmerande, vimsete, med skeive innfallsvinklar til korleis episk popmusikk skal lagast.  Sterk vokal, underfundige tekstar og catchy melodiar.

450b76_beae56ea38b8424fb774dedf49cef3da.jpeg_srb_p_672_672_75_22_0.50_1.20_0.00_jpeg_srb

 

 

JENS BRUN & DE HATTMAKERS 

(KLOKKEN 11:30 & KLOKKEN 14:00)

– Jeg er en kjeksmaskin – James Brown på norsk!

MADS BERVEN gitar KAI TAULE bass, vokal TORE LJØKELSØY trommer

Jens Brun digger James Brown, syng på norsk, har ei heilt ny veske og får sjølv eit dovent dovendyr til å dansa. På scena finn du Kai Taule, den mest spretne bassisten på Vestlandet, kjend mellom anna frå Chickendales og bandet til Marit Voldsæter. Mads Berven kaldsvettar, og Tore Ljøkelsøy sørger for groove. Saman får dei publikum til å dansa og spretta og kjenna seg bra med sjel og funk, fullstendig ute av syne.

jens-brun-k

 

TROMMESNIRKEL

(KLOKKEN 12:00 & KLOKKEN 14:30)

Finn den magiske tromma!

PABLO TELLEZ, OLE KRISTIAN EINARSEN, ASTRID LINNEA ØSTERHOLT, BENJAMIN MELLINGEN THUEN, THEA STEINMO HÆRNES, MARTIN LEKNESUND HANSEN

Musikkterapistudentar ved Griegakademiet presenterer ei aktivitetsførestilling for born, der dei i samspel med bandmusikarar musiserer i trommesirkel. I jungelen møter vi iki-tikistammen som er på leit etter den magiske tromma. Gjennom musikk skal borna kommunisera med iki-tikiane og komma seg gjennom jungelen. Handlinga blir satt saman av teikningar borna sjølv har laga. Førestillinga høver for aldersgruppa 5 – 11 år og krever ingen førehandskunnskapar.

531127_296982383745002_715265002_n

 

ÅSHILD KANSTAD JOHNSEN

(FRA KLOKKEN 11:00)

teikneverkstad

Åshild Kanstad Johnsen er eit nytt stjerneskot på illustratørhimmelen. Ho er født i Bergen, og er prisløna forfattar, illustratør og biletkunstnar. Ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka «Kubbe lager museum» i 2010. Boka vant sølv i klassen «Billedbok» i Årets vakreste bøker i 2011.
Under Bajazzfestivalen har ho teikneverkstad begge dagar.

Åshild Kanstad Johnsen

 

For femte gang blir barnejazzfestivalen «Bajazzfestivalen» arrangert av Bergen Jazzforum. For første gang har vi flyttet hele festivalen og inntar Østre i Østre Skostredet. I år er det fire artister som står for underholdningen lørdag 12. september og søndag 13. september. Arrangementet passer for barn mellom 0 og 10 år. Ta med familien og ha det gøy til ekte kvalitetsmusikk fra scenen!

Bajazz er Bergen Jazzforum sin konsertserie myntet på barn og barnefamilier.  Intensjonen er å tilby opplevelser noe utenom den masseeksponerte barneunderholdningen og fremme tidlig rekruttering til musikkfeltet. Musikerne er profesjonelle og vektlegger en åpen og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz er en idealistisk ikke-kommersiell virksomhet drevet av Bergen Jazzforum.

RSVP