BMX feat PER JØRGENSEN + STEIN URHEIM SOLO

Dobbel sleppefest!

STEIN URHEIM gitar
Spellemannsnominasjon med Mari Kvien Brunvoll, Åresong med Gabriel Fliflet og tett samspel med H. P. Gundersen. Når Stein Urheim plukker opp gitaren får han dei rundt seg til å låta betre. I kveld er vi heldige nok til å få han heilt for oss sjølv.
PER JØRGENSEN trompet, vokal NJÅL ØLNES saksofon THOMAS T DAHL gitar ØYVIND SKARBØ trommer
BMX starta i 2006, opphavleg meint som eit eingongstilfelle inspirert av Motian/Frisell/Lovano-trioen, men utvikla seg raskt til mykje meir. Med i hovudsak originalt materiale søkjer gruppa å utvikla songar i sanntid under kvar einaste framføring og å gje musikken ei kjensle av vakker utforsking. Per Jørgensen er kjend som ei unik røyst, både på trompet og ved hjelp av stemmebanda, og har bakgrunn som gitarist i Bergen Bluesband og som trompetist i Jøkleba, for å nemna ørlite.
Fre 14 mar kl 21 (døra åpner 20) Sardinen USF 180/120