CARLA BLEY TRIO

Pianovirtuos i nakent format

CARLA BLEY flygel STEVE SWALLOW bass ANDY SHEPPARD saksofon

Poetisk, vittig og virtuos; Carla Bley veit å skriva musikk som rører ved både hjarte og hjerne. Ikkje berre er ho ein fantastisk pianist, men ho har også komponert for så ulike artistar som Jack Bruce, Charlie Haden og Gary Burton. Legg ein til Steve Swallow sine hypnotiske riff og Andy Sheppard sin vare tone blir resultatet komplekse labyrintar med vakker, melodisk musikk i eit over tjue år gamalt samarbeid som framleis lét friskt. «Three players dance together, their feet never touching the ground.» (JazzTimes)

 

Dørene åpner kl 20:00

Billetter: 200,- / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlem)

I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter

RSVP