HANG EM HIGH

LUCIEN DUBUIS bassklarinett, kontrabassklarinett BOND 2-strengs bass, elektronikk ALFRED VOGEL trommer, perkusjon

Ikkje alle jazztrioar tar seg sjølv høgtideleg, eller følgjer reglane for ei anstendig instrumentering. I alle fall ikkje garasjejazzbandet Hang em high. I deira musikk smeltar jazz, impro og rock saman i ein punke-estetikk; intenst og energisk, samstundes som dei ivaretar ein melodiøs popteft i songane. Musikarane har kvar for seg samarbeidd med mellom andre Nils Petter Molvær, Marc Ribot og Mats Gustafsson, saman lagar dei mystisk piggtrådmusikk. «Call it low western rock ambient jazz punk with live electronics,  whatever … HANG EM HIGH. That´s what we call it.»

RSVP