MOLECULES – SLIPPFEST
KAROLINE WALLACE vokal TANCRED HUSØ trompet JONAS HAMRE saksofon MATHIAS MARSTRANDER gitar PETTER ASBJØRNSEN bass KONRAD AGNAS trommer ERLEND SKOMSVOLL piano
Molecules oppsto i øvingsromma på Griegakademiet og spelar musikk skrive av vokalist Karoline Wallace i opne komposisjonar med god plass til improvisasjon og individuell tolkning. Då dei vann Jazz i Sikte 2014 skreiv juryen dette: «Molecules viste ikke bare godt instrumentalhåndverk, sterke komposisjoner og arrangementer, og bred referansekunnskap, men også en formidlingsevne og -glede som skaper det unike momentet ved en konsert man husker lenge i ettertid.»
No er dei klar med debutplata og har i tillegg med seg buddyprisvinnar og meisterpianist frå Come Shine, Erlend Skomsvoll, på scena. Sleppefest av dei sjeldne!
RSVP