SEUN KUTI EGYPT 80
OLUWA SEUN ANIKULAPO KUTI vokal TAJUDEEN LEKAN ANIMASAHUN keyboards ADEKUNLE ADEBIYI saksofon OYINADE ADENIRAN saksofon EMMANUEL KUNNUJI trompet OLUGBADE OKUNADE trompet KUNLE JUSTICE bass YETUNDE SOPHIA GEORGE ADEMIUYI vokal, dans IYABO ADENIRIAN vokal, dans DAVID OBANYEDO gitar ALADE OLUWAGBEMIGA gitar AJAYI RAIMI ADEBIYI trommer KOLA ONASANYA GIANT congas WALE TORIOLA perkusjon OKON IYAMBA shekere
Der storebror Femi har gått sine eigne veger, har Seun overtatt både arven og bandet etter afrobeat-pioner Fela Kuti. Egypt 80 startar i hjarterota, forplantar seg nedover i danseføttene og er heile tida brutalt funky. Seun Kuti styrer det heile med raus og myndig hand, med karisma og rytmeeksplosjonar, med politisk retorikk og primale drifter. Han har gjort faren sine mange hits til sine eigne, og har gradvis byrja å ta med eige materiale på scena. Som han seier sjølv: “om nokon meiner eg står i skuggen av Fela Kuti, så synes eg det er ein god stad å være.”
Konserten arrangeres i samarbeid med BIMF