SPACEMONKEY

Tøft, mørkt og distinkt

MORTEN QVENILD tangentar, elektronikk GARD NILSSEN elektronikk

Improvisasjon, dansemusikk og elektronikk i spennet mellom fri jazz og open techno. To svært travle og svært kjente fjes i norsk jazzliv har funne rom til å laga ein plattform for deira felles interesse for improvisasjonsmusikk. Morten Qvenild er kjend frå In The Country, The National Bank, Solveig Slettahjell Slow Motion Orchestra og Susanna and The Magical Orchestra, medan Gard Nilssen har sete i PUMA, Bushman´s Revenge, Zanussi 5 samt i bandet til Susanne Sundfør.