JOHN ESCREET TRIO

Trio med trøkk

JOHN ESCREET piano JOHN HÉBERT bass TYSHAWN SOREY trommer

John Escreet er eigentleg frå Doncaster, men flytta til USA i 2006. Sidan då har han markert seg som ein av dei mest kreative, framtidsretta og originale pianistane på musikkscena i New York, omtalt av New York Times som «superb.» I og utanfor eigne prosjekt speler han mellom anna med David Binney, Nasheet Waits og Wayne Krantz. Skivene hans har fått kritikarane til å strø om seg med superlativ, ikkje minst om kor særprega han markerer seg som låtskrivar og komponist. John Escreet har vore up-and-coming lenge og er no klar for å ta neste steg som eit unikt pianotalent.

http://www.johnescreet.com/

Dørene åpner kl 20:00

Billetter kr 200,- (ordinær) / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlemmer)