SKADEDYR

fre 1. apr 2016 kl: 21:00 Sardinen USF
KJØP BILLETT

Fantastisk plate – enno betre på scena!

HEIDA KARINE JÓHANNESDÓTTIR MOBECK tuba IDA LØVLI HIDLE trekkspel HANS HULBÆKMO trommer MARIUS KLOVNING steelgitar ØYSTEIN AARNES VIK trommer HENRIK MUNKEBY NØRSTEBØ trombone INA SAGSTUEN vokal FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass ANJA LAUVDAL tangentar LARS OVE FOSSHEIM gitar TORSTEIN LAVIK LARSEN trompet ADRIAN LØSETH WAADE fiolin

Anarkiensemble med store øyrer og musikalsk teft, og tett samspel frå nokre av dei mest spanande musikarane i landet – mellom anna med bakgrunn frå Your Headlights Are On, Moskus, Broen og Hullyboo. Skadedyr hentar inspirasjon der det høver seg, enten det no er pastoral minimalisme eller Bob Dylan, folkemusikk eller Prodigy. Låtane er i hovudsak laga av Mobeck og Lauvdal, og blir innøvd utan notar, resten av musikarane har stor fridom til å føya til eller trekkja frå etter graden av galskap. «Dette er hemningsløs, vakker, kreativ og original musikk fra start til må. Fritt og freidig, og uten en eneste skylapp i mils omkrets. Hør bare når de blander Piazzolla med Dylan, «Nærmere dig min Gud» og Ivar Aasens «Dei gamle fjella i syningom» i en særdeles frisk lapskaus. Tøffere enn toget og himla morsomt!» (Jazznytt).

 

Sjekk ut «Culturen» (2016) Tidal Spotify

Sjekk ut «Kongekrabbe» (EP 2014)  Tidal Spotify

 

Billetter: 200,-/170,- (BT-fordel)/100,-(medlem)
Dørene åpner kl 20:00, konsertstart kl 21:00

Bli medlem i Bergen Jazzforum via våre hjemmesider: https://bergenjazzforum.no/?page_id=937

Konserten gjennomføres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.


RSVP