JAZZKAMIKAZE

MARIUS NESET saksofon MORTEN SCHANTZ keyboards DANIEL HELØY DAVIDSEN gitar KRISTOR BRØDSGAARD bass ANTON EGER trommer

JazzKamikaze har klart å skapa deira heilt eige eventyrlege univers der alt kan – og vil – la seg gjere. Med inspirasjon henta frå all verdas musikksjangrar, teikneserieheltar og –skurkar, er dei i stand til skiftevis medriva, nedriva, imponera og overrumpla publikum. På scena formidlar dei meir energi enn dei fleste rockeband og spelar like gjerne framfor 10 000 på stadionfestivalar som på intime jazzklubar. Osingen Marius Neset frontar eit utruleg utadvendt og sprudlande band – inspirert av både Coldplay og Coltrane – i ei intens konsertoppleving.

Billetter: 200,- / Medlemsrabatt: 100,-(medlem) inkl avgifter.
Praktisk informasjon

Konserten i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

RSVP