REFLECTIONS IN COSMO

KJETIL MØSTER saksofon THOMAS STRØNEN trommer HANS MAGNUS «SNAH» RYAN gitar STÅLE STORLØKKEN tangentar

Norsk superkvartett! Reflections in Cosmo vart fødd då Strønen og Storløkken frå Humcrush fann ut dei ville gjera noko nytt. Etter år med fri improvisasjon kom lysten på å spela i eit meir strukturert uttrykk. Ingenting er då betre enn å knytta til seg sjangerakrobat Kjetil Møster – frå Datarock, og Snah frå Motorpsycho. Musikken trekkjer  linjer frå psykedelia og 70-talets prog­rock til nyare former for impromusikk med dagens teknologi, kvartetten framstår som eit kollektivt maskineri, snarare enn eit komp med solistar. Rå musikk frå fire av dei fremste musikarane i landet.

Billetter: 220,- / Medlemsrabatt: 120,- inkl avgifter.
Praktisk informasjon

Konserten i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.

RSVP