AGBA
PER JØRGENSEN trompet, røyst
TERJE ISUNGSET perkusjon
Med utspring frå tungeknekkande Agbalagba Daada kjem Agbaland – med dei to mest leikne improvisatørane Noreg har å by på. Kvar for seg er dei leiande på sine instrument, saman kan kva som helst skje. Terje Isungset har brukt karriera på å ta i bruk verda rundt seg. Først med heimelaga tre-instrument saman med mellom anna Karl Seglem og Arve Henriksen, seinare med glas-instrument, og instrument laga av is. Per Jørgensen er nok mest kjend for trompetspelet sitt i Jøkleba, men har musikalske aner heilt attende til Bergen Bluesband. Han er også ein svært ettertrakta teatermusiker, og spelte mellom anna ei viktig rolle i suksess-framsyninga Vår Ære / Vår Makt.
Arrangementet er en del av Bergen Kunsthall sitt liveprogram.
Ordinær: 220,-
Medlem: 120,-
Dører: 20:00
Konsert: 21:00
Konserten arrangeres i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter, Bergen Kunsthall og Landmark Bergen