BAJAZZ: NABOEN MIN
Naboen Min ønsker små og store velkommen til ein konsert med snert!
Naboen Min er bandet til barnebokforfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent/gitarist Bjørnar Sangolt. Mange barn har høyrd songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock. Hausten 2026 er dei aktuelle med ny plate. Duoen tar med seg resten av bandet, og lover ein miks av gamalt og nytt.
Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken spenner frå rock og pop til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.
Bandet har tidlegare gitt ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil». Musikken er mykje spelt på Radio Super. For plata «Rockesock» mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.
Høyr på den nye plata (som kjem ut på seinsommaren), samt songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og bli med på festen!
Dørene åpner kl 13:30
Konsertstart kl 14:00
Familiebillett (4 personer): 320,-
Barn og voksne: 90,-
Under 2 år: gratis
Vi har et begrenset antall billetter for innehavere av Aktivitetskortet
Send mail til kontakt@bergenjazzforum.no for mer info