BENEDICTE MAURSETH: MIRRA

BERGEN JAZZFORUM & COLUMBI EGG PRESENTERAR:

BENEDICTE MAURSETH hardingfeile
HÅKON STENE rytmisk og melodisk slagverk, elektronikk
MATS EILERTSEN kontrabass, el-bass
MORTEN QVENILD piano, elektronikk

Då Benedicte Maurseth gav ut albumet Hárr (Hubro Records) i 2022, vart den visjonære og internasjonalt anerkjende hardingfelespelaren hylla for å ha skapt eit meisterverk. Albumet vart tildelt Nordic Music Prize, samt kåra til eit av dei 10 beste folkemusikkalbum i verda av The Guardian. I 2025 kom oppfølgjaren Mirra, og denne gong er det villreinen nær Maurseths heimtrakter ved Hardangervidda som har solistrolla.

«Mirra» er eit eldre utdøydd dialektord frå Hardanger som skildrar når reinen spring samla i sirkulerande sirkel, både for å halde varmen, men også for å halda unna rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinens åtferd og årsyklus, der også deira distinkte lydar er ein viktig del av komposisjonane. Alt dikta med utgangspunkt i folkemusikkens suggererande gjentakingar, inspirert av minimalisme, krautrock, og fri improvisert musikk.

Mirra har sidan lanseringa motteke svært gode kritikkar nasjonalt og internasjonalt, der Morgenbladet mellom anna skreiv «Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths Mirra», og Dag og Tid omtalte albumet som eit «minimalistisk meisterverk». The Guardian trekte det mellom anna fram som Folk Album of the Month og Mojo har det med på sin liste over årets beste folkemusikk. Alt forma og framført i samspel med nokre av Noregs fremste musikarar innan jazz- og samtidsmusikk, Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene.

Konsept og musikk er presentert og komponert av Benedicte Maurseth (TONO), med unntak av «Kvitkrull» som er inspirert av utdrag av filmmusikken til «Sami Reindeer Herders» (1978). All musikk er vidareutvikla og arrangert av ensemblet.

«Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths Mirra.» – Ando Woltmann, Morgenbladet

«Musikalsk er Mirra eit minimalistisk meisterverk. (…) Klar kandidat til årets plate!» – Dag og Tid, Lars Mossefinn

«Musikken på «Mirra» kjennes kompromissløs. Det eneste som står i fokus er å formidle historien om dyrene, landskapet, naturen og menneskets rolle som observatør av det.» – Live Rasch, Bergen Tidende

Ordinær: 280,-
Medlem: 180,-
Under 30 år: 100,-

Dører: 19:00
Konsert: 20:00

Foto: Agnete Brun

Konserten er en del Vestnorsk Jazzsenter sin turnéordning, «Den musikalske stamvegen». Ordningen står for 20-30 konserter i året. Siden oppstarten har mer enn 200 musikere deltatt på turnéene. De fleste av dem er musikere bosatt i Vestland og Rogaland.