EIVIND AARSET
Norsk jazzgitarist debuterer med solo-album på ECM og det blir sjølvsagt markert med turné.
EIVIND AARSET gitar AUDUN ERLIEN bass WETLE HOLTE trommer ERLAND DAHLEN trommer
Som ein av Noregs mest etterspurde gitaristar har Eivind Aarset mellom anna jobba med Bill Laswell, Dhafer Youssef og Nils Petter Molvær. Som musikar har han ein unik musikalsk visjon som vert absorbert og reflektert i alt han gjer, enten det er stille og intimt, eller sviande intenst. Debutplata på Jazzland vart omtalt i New York Times som «One of the best post-Miles electric jazz albums,» ein kompliment som Aarset seinare har både innfridd og overgått både i studio og på scena.