HILDE LOUISE ASBJØRNSEN

Musikk i grenselandet jazz og kabaret.

HILDE LOUISE ASBJØRNSEN vokal JENS FOSSUM kontrabass ANDERS AARUM piano

 

Etter fem solo-album har Hilde Louise Asbjørnsen grunnfesta ståstaden sin innan musikken. Ho kombinerar sine største inspirasjonskjelder, jazz og kabaret, i ein unik mix med underfundige tekstar og leikne melodiar. På dei to siste albuma, Sound Your Horn og Never Ever Going Back, har ho jobba med eit større antall musikarar og finmaska arrangement som flørter med pop-sjangeren. Men aleine med mikrofonen, kun backa av Jens Fossum på stødig kontrabass og lyriske Anders Aarum på piano, leverer ho framleis ekte, dampande jazz.
Konsertane består av låter plukka frå Asbjørnsens etterkvart betydelege songbok, henta frå dei tidlegare albuma.

Aftenposten: “Hilde Louise Asbjørnsen er et unikt talent. Hun er en gudbenådet underholdnings- og kabaretartist, men også en framifrå jazzsangerinne og låtskriver.” Svein Andersen