IN THE COUNTRY

MORTEN QVENLID tangenter, vokal ROGER ARNTZEN kontrabass, vokal PÅL HAUSKEN trommer, vokal ANDREAS MJØS vibrafon, gitar ANDREAS J. RIISER videokunst NICO BENZ lysdesign INGAR HUNSKAAR lyd

Morten Qvenild er antakeleg mest kjent for å vere orkesteret i Susanna and the Magical Orchestra, men har mykje meir å vise til. Han har vore medlem av både Shining og Jaga Jazzist, og har jobba lenge med Solveig Slettahjells Slow Motion Orchestra. Han danna In The Country saman med Ballrogg-og Chrome Hill-bassist Roger Arntzen og trommeslager Pål Hausken på Norsk Musikkhøgskole i Oslo i 2003. Sidan då har dei blitt kåra til beste unge jazzartister i Norge, spelt konserter i Europa og USA og gjeve ut to album på prestisjetunge Rune Grammofon. Downbeat kalla debutalbumet «one of the finest and most arresting albums to come out of Europe,» og All about Jazz putta bandet sitt nyaste album, «Whiteout» (2009) på deira «Best of 2009»-liste.

Produsert av Rikskonsertene

Jazzklubbing med DJ Rotekopf før og etter konserten.