JAZZMATINÉ: BERGEN BIG BAND MED PIANISTEN ELLEN ROWE

Den kritikarroste pianisten, komponisten, arrangøren, orkesterleiaren og pedagogen Ellen Rowe gjestar Griegakademiet denne veka og finn også tid til å jobba med Bergen Big Band på vårens siste matiné på Sardinen førstkomande sundag.

Rowe har mange jern i elden, og er i tillegg til å vera leiar for jazzstudiane ved Michigan-universitetet, orkesterleiar og komponist. I den seinare tid har ho også gjeve ut eit par kritikarroste kvartett-plater.

———————————————-

“Rowe’s writing stands comparison with the best contemporary jazz composers. The Ellen Rowe Quartet deserves wider recognition, with the beautifully realized Wishing Well a rich and engaging testament to this band’s talent.”
-Bruce Lindsay, AllAboutJazz.com
“Ellen Rowe’s new release is a beautifully balanced and inspired journey, that showcases her abilities as a strong conceptualist pianist and band leader. Everyone contributes exciting performances throughout.”
-Geri Allen

———————————————-

Jazzmatiné kl. 15 – 17 i Sardinen USF. Gratis adgang.
Arrangør Vestnorsk Jazzsenter / Bergen Jazzforum.