JAZZMATINE MED BERGEN BIG BAND / KNUT RIISNÆS PÅ SAKSOFON

Bergen Big Band er eit av dei leiande store jazzensembla i Noreg idag. Gjennom samarbeidet med Terje Rypdal har bandet mange av dei største og mest prestisjetunge jazzfestivalane i Europa. Til sommaren skal bandet til USA og Canada og spela på jazzfestivalane i Vancouver, Montreal og Rochester. I november i fjor urframførte bandet tingingsverket “Another Sky” av John Surman på festivalen Parma frontiere. På Vossa Jazz urframfører bandet tingingsverket “Kuria-suite” av Knut Kristiansen. På Nattjazz er det duka for nok ei urframføring – eit verk av Jon Balke.

Sundag 4. mars kl. 15:00 er dei klare for samarbeid med Knut Riisnæs. Han skulle ikkje trengja nærare presentasjon. Han har vore ein av dei leiande norske saksofonistane i over ein mannsalder.

Kom på USF og opplev storbandmusikk slik det skal spelast.

I tillegg er det gratis!