KENNY GARRETT QUARTET

Supersaksofonisten frå Miles Davis sitt siste band

KENNY GARRETT alt- og sopransaksofon BENITO GONZALES flygel CORCORAN HOLT bass MARCUS BAYLOR trommer

Kenny Garrett er supertalentet som fekk det store gjennombrotet i bandet til Miles Davis og som har gått vidare og skapt ein særeigen røyst med saksofonen sin. Saman med Chick Corea og John McLaughlin vann han Grammy i 2010 for beste instrumentalplate. Han har etterkvart markert seg som ein saksofonist som er like heime i bluesen som i den klassiske jazzen, og som ein særs talentfull låtskrivar og bandleiar.

Eitt av verdas største saksofonnavn for tida!