MEADOW

Når to av Noregs mest aktuelle musikarar møter Englands mest markante jazzpianist vert det stor musikk.

TORE BRUNBORG saksofon JOHN TAYLOR piano THOMAS STRØNEN trommer

Opprinneleg skulle dei berre gjera ein jobb på moldejazz, men samarbeidet var så vellukka at dei valgte å halda bandet varmt, mellom anna med den kritikarroste plata “Blissful ignorance.” Britiske John Taylor har gjennom samarbeid med Jan Garbarek, Enrico Rava, Gil Evans og Lee Konitz markert seg som ein pianist på aller øverste hylle. Ver budd på ein leiken kveld med eit vakkert bodskap.