MOSKUS + VANDER
MOSKUS
Frå frijazz til folkemusikk og alt imellom
ANJA LAUVDAL piano FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass HANS HULBÆKMO trommer
Den akustiske trioen har med sin særeigne kjemi funne fram til et unikt uttrykk. Leik og kreativt samspel er noko av det som kjenneteiknar Moskus. Bandet består av trommeslagar Hans Hulbækmo frå folkemusikk- og progrocktradisjonen, bassist Fredrik Luhr Dietrichson frå vise- og rocketradisjonen, og Anja Lauvdal frå salme- og ikkje minst gospel, på piano. I Your Headlights Are On har Hans og Anja fått stor merksemd for sitt nyskapande og sjangeroverskridande uttrykk. Med Moskus tar dei enno eit steg vidare.
VANDER
Neste generasjon allereie i dag
CATO LYNGHOLM trommer MAGNUS SKAUG gitar ARNE SANDBERG bass
Vander er ein nyoppstarta trio med open tilnærming til musikken, og med referansar frå mange musikalske retningar. Bandet går ikkje av vegen for å blanda inn blues, country og folk i jazzen.
Dørene åpner kl 20:00
Billetter kr 200,- (ordinær) / 170,- (BT-kort) / 100,- (medlemmer)