PER JØRGENSEN AND FRIENDS

Endeleg med eige band!

PER JØRGENSEN trompet, vokal, perkusjon  SIGBJØRN APELAND orgel, harmonium MORTEN QVENILD tangentar MORTEN SKAGE bass TERJE ISUNGSET slagverk
Per Jørgensen er mellom dei mest særeigne musikarane i landet. Seniorane kan hugsa han som gitarist i Bergen Bluesband, men det er som trompetspelar han har markert seg mest, ikkje minst med Jøkleba. No har han samla eit stjernelag av musikarar, som kvar for seg og saman byr på ein enorm musikalitet.