RICHARD BONA
Verdsmusikk med hjarte og hjerne
RICHARD BONA bass ETEIENNE STADWIJK tangentar LUDWIG AFONSO trommer TATUM GREENBLATT trompet ADAM STOLER gitar DANIEN BOIVIN lyd
Bassisten, songaren og multiinstrumentalisten Richard Bona er født i vestafrika, starta karrieren som kyrkjesongar då han var fem og opptrådde med heimelagd gitar som elleveåring. Bona har i seinare år spelt saman med både Pat Metheny, Joe Zawinul, Bobby McFerrin og Mike Stern, og er kjend for sin særeigne og vakre tone. Sterkt inspirert av sin bakgrunn frå Kamerun inneheldt musikken både afrikanske grooves og fløyelsmjuk song kombinert med karibiske rytmar og jazz. «Imagine an artist with Jaco Pastorious’s virtuosity, George Benson’s vocal fluidity, Joao Gilberto’s sense of song and harmony, all mixed up with African culture. Ladies and gentlemen, we bring you Richard Bona!” (Los Angeles Times).