TRIPPELKONSERT: BUILDING INSTRUMENT + FORMO TRE&METALL + FORMO/MØSTER DUO
Tre konserter for prisen av én!
BUILDING INSTRUMENT
Magisk samspel
MARI KVIEN BRUNVOLL vokal ÅSMUND WELTZIEN tangentar ØYVIND HEGG-LUNDE slagverk
Medlemane i Building Instrument er aktive både som utøvarar og komponistar nasjonalt og internasjonalt. Musikken er sjølvkomponert innanfor eit jazz/pop landskap, med strukturerte improvisasjonar og ei leikande haldning til det å musisere. Mari Kvien Brunvoll er kjent for sitt fantastiske soloprosjekt som har fått strålande kritikk gjennom konsertar på mellom anna Nattjazz, og plate på Jazzland. Åsmund Weltzien er ein av Bergen sine fremste pianistar og spelar mellom anna med Cloudberry og Snapshot, medan Øyvind Hegg-Lunde er ein viktig del av Bergen si spanande undergrunnsscene.
Building instrument på Soundcloud.
FORMO TRE&METALL + FORMO MØSTER DUO
Doble Hammonddialogar
DANIEL FORMO orgel KJETIL MØSTER saksofon MATTIAS STÅHL vibrafon EIRIK HEGDAL saksofon ERIK NYLANDER slagverk
Hammondorganist Daniel Formo (Kobert, Solid!) markerer slepp av trippelplate med nytt band, samt duo-konsertar med utvalde gjestar. I Bergen er vi så heldige at den utvalde er Kjetil Møster, stadig elegant vekslande mellom livet som popstjerne i Datarock, og utforskande, nyfiken og nyskapande musikk i sine eigne prosjekt.
Med kvartetten Formo Tre & Metall har Formo satt saman eit norsk-svensk topplag basert rundt eit mekanisk, men likevel organisk sound av orgel og vibrafon. Assosiasjonane går til det primale hjå Tom Waits, så vel som den mjuke klangen hjå klassiske jazzplater.
Daniel Formo på verdensveven.