BAJAZZ: MISS TATI – FRI INNGANG

Konsertstart kl 15:30. Dørene åpner kl 11:00

Miss Tati

TATIANA PALANCA vokal LILIANA PALANCA koring EIRIK «PEEWEE» BLÅSTERNES dj, keys IVAR THORMODSÆTER trommer

Busett i Bergen, bakgrunn frå Portugal og Angola, og eit uendeleg friskt pust på den lokale og vokale musikkscena i byen. Sidan ho fylte Nattjazz sist har ho turnert heile landet med si unike samansmelting av soul, hiphop, house og jazz; vore Urørt-finalist, vunne Årets Forbilde-pris hjå By:larm, og slapp si kritikarroste debutplate «Finally Tati» i mai i fjor.Stemmeprakt og scenetekke spesialisert for alle danseglade hjarter!
«Det er ikke lett å sette Miss Tati i noen musikalsk bås. Variasjonen er stor. Fra melodiøs rap med elektroniske elementer og r’n b til mer jazzpreget stoff og rytmisk soul. Hun fikser det meste like bra» (Bergens Tidende)

I samarbeid med Damsgårdsdagene og Bergen kommune.

Foto: Oddbjørn Steffensen