BAJAZZ på NATTJAZZ
GOOD TIME CHARLIE – JUBELBLUES
Bluesveteranar med bluesdialekt
ARLE HJELMELAND sang, munnspel STEINAR KARLSEN gitar, sang EINAR OLSSON trommer, sang MORTEN SKAGE bass, sang
Oppstemt bluesrundtur med Good Time Charlie. Konserten passar for vaksne, born, folk med sunnfjordsdialekt, og med humoristisk sans. Publikum blir tatt med på ei inkluderande musikkreise der musikarar og publikum skal finne ut kva som er ”Blåsus” i musikken. Kva er det som skjer med oss når vi høyrer musikk og får lyst til å le, danse, hoppe og synge med. Bandet har fylt 30 år og har mellom anna latt seg inspirera til å gje ut Draumeblues Og Blåsus og Jubel Og Skrubbsår som rythm’n’blues-plater retta mot born.
————————-
9 GRADER NORD
Frem-raga-nde kvartett
MIRA THIRUCHELVAM fløyte DIPHA THIRUCHELVAM vokal JAKOB SØNNESYN bass JAKOB SISSELSON HAMRE perkusjon
Ni gradar nord for ekvator finn ein øya Sri Lanka, der også halvparten av bandmedlemane har opphavet sitt. Med instrument som mellom anna bambusfløyte, tabla og cajon slår dei seg laus på ragaer frå A til Å. Det heile starta som fløyteduoen til søstrene Mira og Dipha, men har raskt ekspandert til ein kvartett der det står ganske så mange rytmer på spel i eit fargerikt sceneshow.