BERGEN BIG BAND OG KARIN KROG SPILLER DON ELLIS – SØNDAGSMATINÉ

Karin Krog er gjestevokalist med Bergen Big Band når dei inviterer til sesongens andre matiné førstkomande sundag. Samarbeidet mellom BBB og Krog går attende til 2005. Når Krog og John Surman skulle spela inn “Seagull”, valde dei å gjera det i samarbeid med BBB. Eit av høgdepunkta på denne CDen er Don Ellis’ “Angel Eyes”.

Til denne matinéen har musikalsk leiar for BBB, Olav Dale plukka eit knippe låtar av nemnde Ellis. Don Ellis som gjekk bort bare 44 år gamal i 1978, var trompetar, trommeslagar, storbandleiar, komponist og arrangør. Han var kjent for å skriva ting som særleg rytmisk kunne vera innfløkt. Mest kjent for eit breiare publikum er han for filmmusikken til “The French Connection”.

Gratis adgang, kl. 15:00 i Sardinen USF.