HELGE LIEN TRIO

HELGE LIEN flygel FRODE BERG bass KNUT AALEFJÆR trommer

 
Trioen har spelt saman sidan 1999 og har sidan den gongen trollbunde publikum på kvar einaste konsert i eit nær telepatisk samspel. Musikken er lyrisk, intenst groovy, humoristisk og kraftfull og gjev rom for både sterke komposisjonar og improviserte forløp. Helge Lien Trio rommer store kontrastar, og er samstundes ei heilstøpt eining. Sjefen sjølv er også ofte å sjå som pianisten til Silje Nergaard, samt i intime duoar med Live Roggen eller Rolf Erik Nystrøm.