JAZZ I SIKTE
Jazz i sikte – ein døropnar for unge og uetablerte jazzorkestre
Bergen Jazzforum, Nattjazz og Vestnorsk Jazzsenter ønskjer å stimulere jazzinteressa og rekruttering blant unge musikarar og gje dei sjanse til å visa seg fram på ei etablert scene. Med «Jazz i sikte» får unge musikarar presentert seg, og vinnaren blir premiert med ein spelejobb under Nattjazz.
”Det beste med «Jazz i sikte-konserten» på Nattjazz er at den år etter år viser seg å være en konsert veldig mange har lyst å få med seg. Resultatet er stappfull konsertsal og et entusiastisk publikum”, seier trommis Mats Mæland Jensen i Morning has Occured, vinnarbandet frå 2012. I kjølvatnet av Jazz i sikte skal bandet det kommande året mellom anna på ungdomskonsert-turné med Karl Seglem i regi av Norsk Jazzforum og Vestnorsk Jazzsenter.