KANDACE SPRINGS
KANDACE SPRINGS vokal, piano, rhodes SAM VICARY bass LUKE FLOWERS trommer
Innimellom dukkar det opp artistar som evnar å assimilera det beste frå musikkhistoria, samstundes som dei lét friskt og unikt. 27-åringen Kandace Springs har med seg Billie Holiday, Ella Fitzgerald, Nina Simone og Roberta Flack i røysta si, men – som debuten hennar på Blue Note Records syner – etterliknar ikkje nokon av dei. I staden miksar ho jazz, r’n’b og pop i eit svært personleg og fortryllande konsertformat, noko som har skaffa ho plass hjå Jimmy Fallon og samarbeid med Prince. Gamal soul i ny kropp.
«…Springs’s own delicate jazz-ballad Rain Falling confirms, she has a rare ability that can’t be taught – to sound like an old soul, just doing what comes naturally». – The Guardian
RSVP